Kjære alle menn!
På vegne av mitt kjønn skal eg no få lov
til å komma med ei erklæring om at me, i alle fall dei fleste av oss, er kommen
fram til den sanninga at det eigentleg er dykk, mennene, det
har vore synd på heile tida, ikkje oss. Difor vil mykje av det eg har tenkt å
sei i dag gå ut på å uttrykkja mi medkjensle.
Eg ante lite om denne sanninga då eg for
akkurat 16 år sidan i dag, med stor skepsis og kampvilje, tredde inn i den
hellige ektestand, svært bevisst på at mi oppgåve i livet var å passa på at eg
ikkje blei trakka på. Men seksten år i same hus som ein og etter kvart
fleirfoldige større og mindre menn har lært
meg at det må vera ein tragedie å
vera fødd hankjønn. Ikkje minst forstod eg ein heil del då eg fekk høyra den,
forhåpentlegvis overdrevne, historia om den tragedien som syntest å ha ramma huset
Aasland den gongen Knut blei fødd, og det blei kjent at det berre var enno ein
gut. Ryktet seier at kondolansehelsingane strøymde inn frå fjern og nær då den
triste nyheten blei kjent. Ikkje hjelpte det stort då ein av hans utallige brør
meinte det måtte vera ei enkel sak å avhjelpa dette med å setja ei sløyfe i
håret til den nykomne. Nei, forklarte svigermor til ei den gongen uvitande
svigerdotter, det tragiske bestod i at ho ikkje fekk hjelp i huset. Det
tragiske i ein slik skjebne hadde ho klart for seg heile livet, slik at då Knut
stolt kom og forkynte at han hadde fått den tredje sonen, og at det var akkurat
det han ynskte seg, fekk han ikkje mykje støtte. Du snakkar som du har vit til, og det er ikkje mykje, sa ho. Så fekk han vita det.
I parantes kan bemerkast at alle våre søner skulle eigentleg heita Hilde etter
farmor. Då Knut prøvde å bøta på manglande døtre med å kalla båten vår for
Hilde, til trøyst, viste det seg at den samme Hilde har gitt oss fleire sorger og bekymringar
enn alle sønene til saman.
Ein liten gut blei observert hylande då jenta han leika med ville pådytta han farsrolla. «Eg vil ikkje vera far! Far er aldri heime!»
Ja, kva skal vi eigentleg med mennene? Eigentleg kunne vel livet gå greitt vidare utan dei. Som ei jente skreiv i ein skulestil: Det blir sagt at det skal to til for å få barn: Ei kvinne og ei jordmor.
Ser man det. Og med dei mengdene av råmateriale til nye generasjonar som det går an å frysa ned no for tida, kunne me vel greitt klara oss utan menn i ein generasjon. Eller ville me ikkje det? Det ville jo vera ulagleg å ikkje ha nokon å klaga til eller på.
Ja, når sant skal seiast så er det vel det me har brukt dei siste 20 åra på; klaga oss fordi me trudde det var det me måtte, synast synd på oss sjølve fordi me ikkje var menn. Me blei vaksne med den overbevisning at det var synd på oss fordi me ikkje var menn, fordi alle sa at det var så mykje betre. Og me fekk berre fokusert på det som var bra med å vera mann. Ikkje ein augneblink var det nokon som fortalde oss om alle ulempene ved mannsrolla. F.eks. det at ein mann må skaffa seg ein skikkeleg jobb som han kan forsørja seg og familien sin i eit heilt liv. Blir han trøytt og lei så er det slett ikkje akseptabelt at han no vil vera heime eit år, ta seg ein halv jobb, eller han kan velja å starta på nye studier mens kona strevar med huslån og billån og overtidsarbeid. Mannen har så liten mulighet til å vera vinglete. Han må stå på heile tida.
Det har kanskje alltid vore slik at kvinna hadde mykje større valfridom. Kvinnene har hatt betre tid og mulighet til å sjå at mennene fekk betre løn, høgare staus, meir makt og alt det andre som eigentleg ikkje er av nokon særleg betydning. Dette ville vi også ha, og så ville vi ha mennene til å ta alle møkkajobbane som bleieskift og golvvask og klesvask. Me har late dei forstå at dette var fillejobbar som me helst vil sleppa, fordi me vil realisera oss sjølve. Aldri har nokon fortalt mennene om alle gledene som til alle tider har lege i omsorgsarbeidet, i det å heile tida leva nær dei ein strevar for. Når vi så har teke all status frå omsorgsarbeidet så kan vi gi oss til å klaga over at ingen tek seg av kvarandre lenger eller bryr seg om kvarandre. Me trudde mennene hadde eit liv som var å trakta etter for einkvar pris, og så hadde me gløymt å fortelja dykk at det fans verdiar og gleder som me gjerne ville gi dykk del i. Likevel har me ikkje heilt kvitta oss med det gamle mannsidealet, så no skal de helst vera som ein mann var før, men også slik ein moderne mann skal vera.
Det må vera vanskeleg å vera mann. Krisesenteret for menn opererer med denne definisjonen av mannsrolla i Norge i dag (1989):
Mannen skal vera:
- Hovedforsørjar
- Venn og kamerat
- Sterk og uthaldande
- Karrierebevisst
- Heimenverande
- Omsorgs- og forståelsesfull
- Agressiv og pågåande
Ein gong kunne eg ikkje dy meg. Ei kone kom og skulle låna ein roman til mannen sin, utan noko nærare beskjed. Eg sende med henne ein roman som heitte "Menn gråter ikke" Fleire kvinner hadde lånt denne, men ingen menn. Kva skjedde? Mannen blei rasande. Men seinare tilstod han at boka absolutt hadde noko for seg. Nokre få modige menn fins det også innom biblioteket. Dei vil ha bøker som kan hjelpa dei å leva, eller som kan gjera dei forsonlege med at det fins noko bak døden. Dette er forsiktige og lågrøysta menn, men i mine augo er dei svært modige. Dei innser at det er ting dei ikkje rår med, sjølv om dei er menn.
Som sagt, me som er kvinner har forstått og innsett at det er me som er dei heldige, og at det er tungt å vera mann og leva opp til alle krav i dag. Her og no er me villige til dela vår visdom med dykk, og rekkja dykk hendene og kjempa saman i det tiåret som no ligg føre oss. Ikkje kjempa mot kvarandre, men stå saman i kampen for å redda heimen, miljøet og verda. SAMHALD GJEV STYRKE måtte me sei i kor kva gong me møtte opp til samling i barnelosjen i min oppvekst. Den gongen gjaldt det noko anna, men det er like sant framleis. La oss derfor ikkje skåla, men gi mennene ein skikkeleg klem som teikn på at heretter er de ikkje lenger våre motstandarar, men medspelarar.