torsdag 16. april 2020

Påske 2020


Påske!  Merkeleg på alle måtar! Dagane har gått over i kvarandre -  ferie og fritid; kvardag og heilagdag.
Gudstenestene som ofte er høgdepunkt i påska, dei har vi fått med oss på nett og på TV. Det er bra, og mest utruleg kor fort meninghetane har fått snudd seg rundt og fått til digitale sendingar. Iflg. Vårt Land i dag så har dei endeleg nådd den delen av menigheten som ikkje set sin fot i kyrkja. Men me sakna den fysiske meningheten og å kunna delta i salmesong og nattverd. Kake blei baka. Me skulle jo ha heile storfamilien her - på Skype!
Koseleg med familiesamling og Kahoot på Skype. Men kake gjekk det ikkje noko av der og då. Meir (altfor mykje) på oss som blei igjen!











Turgåing har vore ein del av påska tidlegare, og også denne helga har me vore på tur; dei vanlege turane til Vannassen og til Gandsfjorden, men også litt lengre turar kombinert med bil. Som t.d. til Hundvåg eller kysten mellom Egersund og Sandnes.
Med kaffi på termos og Antibak på flaske, og med Stavanger for våre føter, både  i Sørmarka 
og på Ullanhaugtårnet.







Me traff ingen me kjende. Snakka ikkje med nokon, men fekk små helsingar på påsketreet ved Vannassen. Mellom anna står det: "Vi står sammen" Og kanskje er det lys i sikte, sjølv om himmelen synest aldri så mørk?








torsdag 2. april 2020

Innvær november 1918




Den siste natta. 
Dei veit det begge; mor og dotter. 
Det febervåte andletet på puta har eit klart øyeblikk : -Skal eg døy no, mor?-

-Det kan nok henda at Gud vil henta deg heim til himmelen....-
-Helst vil eg leva, men...Trur du det blir i natt?
 - Denne svette gamle nattkjolen...Eg vil vera fin når eg skal møta Gud..!.?

Ei gammal mor går sitt siste ærend for dottera. Hentar fram den nye konfirmasjonskjolen frå kista. Bruka ein gong. Skulle vera bestekjole i mange år framover. No vil fjortenåringen pyntast til fest for å møta Gud. Kjolen blir halden litt framfor varmen og tredd nedover den tynne kroppen. Det verste av sveitten blir tørka bort og ein kam greidd gjennom håret.

-Klart skal du vera fin når du skal møta Gud, jenta mi

-Du blir her, mor?-
-Javisst blir eg her-

Marjana hentar salmeboka og set seg oppi sjukesenga, slik at Elen kan sitja inni armkroken hennar. Det er betre å sitja oppreist når pusten ikkje vil meir. Så er dei klare til å ta den siste livsbiten saman. Det er høgtid over stunda, og ut i mørke natta lyder det frå ei mor som deler det ho har :

 O bli hos mig! Nu er det aftentid

og mørket stiger -  dvel o herre blid!

Når annen hjelp blir støv og duger ei

Du hjelpeløses hjelper bli hos mig! 


Ho syng vidare:

 

Når du velsigner , ei av frykt jeg vet.

Sår gjør ei ondt, gråt har ei bitterhet: 

Hvor er din brodd, du siste fiende -  Nei

ved dig jeg seirer, Herre, bli hos mig!

 

Det er over no - Med konfirmasjonskjolen på har Elen gått heim til fest i himmelen

, mens ei mor sit åleine igjen og syng det siste verset:

 

O la mig se ditt kors i dødens gys

Driv mørket bort og vær mig livets lys. 

Da skinner morgenrøden på min vei

I liv og død , o Herre, bli hos mig!

 

Om krisepsykiaterane og sorggruppa kom på døra denne natta, trur eg dei ville gått gjerandslause heim.

 

 Elen på likstrå i 1918        

Mars 2020

Den siste måndagen i månaden mars. Og for ein månad det har vore! Frå full kalender med avtalar og forpliktelsar i aust og vest, samt planar for nær og fjern framtid, til eit plutseleg bom stopp! Kalenderen for april er blank og framtida er i uvissa. Me kan ikkje planleggja noko som helst utover det som skjer i dag og som helst skjer innandørs. Me er eldre, må vita, og i faresona!
Eg hadde ikkje evne til å forestilla meg at noko slikt kunne skje! At livet over natta blei sett så fullstendig på pause!Tenkte det kunne vera lurt å skriva ned litt om korleis det opplevdes, oppleves og kan komma til å opplevast.

26.februar blei det meldt om den første koronasmitta i Noreg: Ei kvinne kom frå Kina til Tromsø og hadde smitten med seg. Ganske fort etter dette høyrde me om fæle tilstandar i Kina, og så at at mange var blitt smitta i Italia og Østerrike. Der var det mange nordmenn på vinterferie. og ikkje minst mange rogalendingar kom heim og hadde smitten med seg. Mange lækjarar og sjukehustilsette blei kalla heim igjen til karantene etter fleire dagar på jobb. Men mange var alt blitt smitta, både her og i resten av landet. Me hadde vore ein liten tur til Bømlo med Emilie, og 28.febr. var me på møte i KrfSenior i Stavanger, og der sat me tett.
5.mars hadde eg time på legesenteret. Der var ein legane gått heim etter å ha vore på ferie i Italia. Men først hadde ho vore på jobb i to dagar.
7.mars(laurdag) var me på Vaulen badeplass og grilla med barn og barnebarn. Hadde ikkje sett dei på lenge, så alle dei tre små kom springande og gav oss ein klem kvar.  Men både mora og faren fortalde om folk på jobben som var smitta eller kanskje smitta.  Altså kom ting litt nærmare. Konsert i Konserthuset same kveld. Det var få folk, og alle fekk ein dash sprit på hendene på veg inn i salen. Eg sat ytterst på ein benk og hadde ingen rett framfor eller rett bakanfor meg. I pausen valde eg å ikkje gå på WC.  Det viste seg i ettertid at to som var på konsert samtidig, men i eit anna lokale i Konserthuset, var smitta. Det nærmar seg!
Søndag 8.mars: Konsert i Hinna kyrkje med få sjeler som satt spredt i heile kyrkjerommet. (No tenkjer eg på dei stakkars to musikarane som skulle på turne i Europa utover våren!)
Mandag 9.mars var me på eit møte på Bryne  med Sparebanken Sør. Mange folk i ein sal, der ei som sat på raden bak oss hosta og hosta og hosta! Ekkelt!
Tirsdag 10.mars var det korøvelse, og omtrent alle tjue eller deromkring var på plass, endå det kanskje var to under sytti. Stemninga var nervøs, men me måtte jo øva, ettersom me hadde lovt å syngja i kyrkja på Hinna søndag 15.mars.
Onsdag 11.mars skulle me til Himmel og Hav på årsmøte, men valde å bli heime og
torsdag 12.mars var det slutt på det meste.
Avlysingane strøymde på, og køane med dei som skulle gjera krisehandel (el.hamstring) på OBSen var enorme, spesielt første dagen. Etter kvar kunne me setja eit stort kryss over resten av kalenderbladet for mars. Men framdeles hadde me ein plan. Me omadresserte avisene og passa saker og ting for evakuering til Bømlo. Der er det betre plass ute og inne, og der var ingen smitta. Først skulle eg berre til legen og få medisin for plagsom eksem. Og så rakk me ikkje å reisa før me forstod at me var sterkt uønska! Ingen fekk byta opphaldskommune.
Så sit me altså her då. Toeine inne og dei same to når me går på tur. Mentalt har me gått frå å tru at no er det vår tur til å døy, til me i dag tenkjer at kanskje me får leva likevel. Tala for Rogaland såg ille ut, men no har tala stabilisert seg.
Pr. idag (30.mars)
ser det slik ut rundt oss:
Smittetilfeller i Rogaland
321smittetilfeller
0døde
12innlagt på SUS
115SUS-ansatte i karantene
6i respirator