Den siste måndagen i månaden mars. Og for ein månad det har vore! Frå full kalender med avtalar og forpliktelsar i aust og vest, samt planar for nær og fjern framtid, til eit plutseleg bom stopp! Kalenderen for april er blank og framtida er i uvissa. Me kan ikkje planleggja noko som helst utover det som skjer i dag og som helst skjer innandørs. Me er eldre, må vita, og i faresona!
Eg hadde ikkje evne til å forestilla meg at noko slikt kunne skje! At livet over natta blei sett så fullstendig på pause!Tenkte det kunne vera lurt å skriva ned litt om korleis det opplevdes, oppleves og kan komma til å opplevast.
26.februar blei det meldt om den første koronasmitta i Noreg: Ei kvinne kom frå Kina til Tromsø og hadde smitten med seg. Ganske fort etter dette høyrde me om fæle tilstandar i Kina, og så at at mange var blitt smitta i Italia og Østerrike. Der var det mange nordmenn på vinterferie. og ikkje minst mange rogalendingar kom heim og hadde smitten med seg. Mange lækjarar og sjukehustilsette blei kalla heim igjen til karantene etter fleire dagar på jobb. Men mange var alt blitt smitta, både her og i resten av landet. Me hadde vore ein liten tur til Bømlo med Emilie, og 28.febr. var me på møte i KrfSenior i Stavanger, og der sat me tett.
5.mars hadde eg time på legesenteret. Der var ein legane gått heim etter å ha vore på ferie i Italia. Men først hadde ho vore på jobb i to dagar.
7.mars(laurdag) var me på Vaulen badeplass og grilla med barn og barnebarn. Hadde ikkje sett dei på lenge, så alle dei tre små kom springande og gav oss ein klem kvar. Men både mora og faren fortalde om folk på jobben som var smitta eller kanskje smitta. Altså kom ting litt nærmare. Konsert i Konserthuset same kveld. Det var få folk, og alle fekk ein dash sprit på hendene på veg inn i salen. Eg sat ytterst på ein benk og hadde ingen rett framfor eller rett bakanfor meg. I pausen valde eg å ikkje gå på WC. Det viste seg i ettertid at to som var på konsert samtidig, men i eit anna lokale i Konserthuset, var smitta. Det nærmar seg!
Søndag 8.mars: Konsert i Hinna kyrkje med få sjeler som satt spredt i heile kyrkjerommet. (No tenkjer eg på dei stakkars to musikarane som skulle på turne i Europa utover våren!)
Mandag 9.mars var me på eit møte på Bryne med Sparebanken Sør. Mange folk i ein sal, der ei som sat på raden bak oss hosta og hosta og hosta! Ekkelt!
Tirsdag 10.mars var det korøvelse, og omtrent alle tjue eller deromkring var på plass, endå det kanskje var to under sytti. Stemninga var nervøs, men me måtte jo øva, ettersom me hadde lovt å syngja i kyrkja på Hinna søndag 15.mars.
Onsdag 11.mars skulle me til Himmel og Hav på årsmøte, men valde å bli heime og
torsdag 12.mars var det slutt på det meste.
Avlysingane strøymde på, og køane med dei som skulle gjera krisehandel (el.hamstring) på OBSen var enorme, spesielt første dagen. Etter kvar kunne me setja eit stort kryss over resten av kalenderbladet for mars. Men framdeles hadde me ein plan. Me omadresserte avisene og passa saker og ting for evakuering til Bømlo. Der er det betre plass ute og inne, og der var ingen smitta. Først skulle eg berre til legen og få medisin for plagsom eksem. Og så rakk me ikkje å reisa før me forstod at me var sterkt uønska! Ingen fekk byta opphaldskommune.
Så sit me altså her då. Toeine inne og dei same to når me går på tur. Mentalt har me gått frå å tru at no er det vår tur til å døy, til me i dag tenkjer at kanskje me får leva likevel. Tala for Rogaland såg ille ut, men no har tala stabilisert seg.
Pr. idag (30.mars)
ser det slik ut rundt oss:
Smittetilfeller i Rogaland
12innlagt på SUS
115SUS-ansatte i karantene