fredag 12. januar 2024

Biblioteket "mitt" - kva skjer?

 Eg har opplevd mange gode arbeidsdagar i dei biblioteka eg har arbeidd i, eller hatt ansvar for, men folkebiblioteket i Kviteseid opplevde eg spesielt som mitt. Så spesielt mitt at det fekk to heile sider då eg som pensjonist sette meg til for å skriva livssoga mi.

Det er mange år sidan eg gav frå meg nøklane, så det eg skriv er basert på det eg hugsar. Litt fakta og litt fiksjon, men mest minner. Minnene er ikkje alltid å lita på, men eg vil gjerne dela dei. Eg blei nok møtt med noko skepsis då eg starta i jobben. Rett nok var eg den einaste med bibliotekarutdanning som søkte, men å gå frå ein godt vaksen mann med røtene sine godt planta i kviteseidjord til ei innflytta småbarnsmor, til og med med adresse på Kvitsund, kunne det gå bra då? 
Eg fekk vel ein liten tabbekvote og så gjekk det seg til etter kvart. Politikarane hadde endeleg forstått at det mørke kjellarlokalet nede i kommunehuset ikkje lenger var stort nok, eller godt nok, til å husa folkeboksamlinga (som det heitte den gongen), og eg blei lukkeleg då eg forstod at dei hadde tenkt å takka ja til å overta «gamlebanken».
    Eigentleg syns nok dei som bestemte at Turid og eg (biblioteket) kunne nøya oss med ein del av bygget, for det var mange andre også som gjerne ville inn i «gamlebanken». Men heldigvis enda med at vi berre måtte dela med Turid på kultur.
    Men berre den som har prøvd det sjølv veit kva det er for eit strev å flytta eit heilt bibliotek. Ein ting var det fysiske slitet. Kunnskap er slett ikkje så lett å bera som folk vil ha det til. Alt måtte flyttast manuelt ettersom avstanden var for liten til at det var nokon vits i å bruka bil.
  Handkjerrer og trillebårer og bæreposar. Det gjaldt berre å ha handamakt nok, og den fekk me av hornmusikken og idrettslaget mot ei lita godtgjersle. Det gjekk, men først måtte det lagast ein svært nøye plan for kor ting skulle plasserast, deretter måtte det til ein svært nøye merking av alle kolli og nøye beskjedar måtte bli gitt om kva merkinga skulle bety.  Så var det å få ting til å fungera slik det var tenkt! Det gjorde det, og me kunne gå opp og ned og att og fram i dette vakre bygget og gjera vår jobb så godt me kunne. Kviteseidfolk som kom innom syns me måtte vera takknemlege som fekk jobba her, sjølv om ein del steila når dei kom inn og såg endringane. Før hadde dei kanskje i årevis stått med ei kjensle av at ein måtte ha luva i handa før ein gjekk inn i dei ærverdige banklokala som var kledde med mørk eikepanel over alt. Eg  ba om å få veggene mala lyseblå, og å  få fjerna veggene inn til det store kontoret til banksjefen. Hugsar eg ikkje feil så blei det vesle kontoret mitt i andre høgda måla rosa, slik eg ville ha det. Men safen og kjellaren blei det ikkje orden på mens eg var der. Vi fekk  installert trappeheis slik at alle lokala skulle vera tilgjengelege for rørslehemma. Det måtte gjerast for å få statsstøtte, sjølv om interessa for å bruka heisen var minimal. Me syns alt blei fint, også når «dei gamle» forlanga at me måtte flytta det gamle formannsskapsbordet med. Den slitte gamle bordplata hadde så mykje historie i seg, og eg lærte også å bli glad i det, men kanskje ikkje i stolane som fylgde med, for dei var skikkeleg vonde. Kanskje dei måtte vera det for at ikkje formannskapsmøta skulle vara så lenge? Står bordet der framleis, skal tru?
    Dei gamle lånarane kom. Dei kjende jo huset og ein del av bøkene. Kvinnene kom også etter kvart, for dei las mest og syns kanskje det var greitt med kvinner bak skranken også. Det blei betre plass og meir bøker (lenge berre bøker!) no som det var eit nytt hus. Og så var det blitt barnebøker også, og det drog mange lånarar. Me prøvde å yta god service og ikkje leggja oss opp i kva den einskilde ville ha å lesa. Men me hadde nok problem med å halda maska då ordføraren som var nokså ny og på min alder, kom inn og ville ha ei bok med grove ord i. Om me kunne hjelpa han med det? Det kom heldigvis fram at det han var på jakt etter var noko med stor skrift! Han var så sliten av alle dei småstilte kommunale sakdokumenta. Dei som seinare skulle bli ordførarar var kanskje også innom. Dagens ordførar streva nok meir med vrange mattestykke på Kvitsund, mens han overlet politkken til mor si. Han som nettopp takka av har kanskje høyrt av både farfar og farmor korleis det var på biblioteket i skikkeleg gamle dagar. Ingenting skulle bli som før. Heller ikkje Haukom der både han og mine gutar fekk sin første lærdom. Men det kunne ingen av oss vita den gongen.

    Lånarar var det bra med, men det var ikkje alltid like enkelt å få til arrangement av ulikt slag. Folk var ikkje vant med at det skulle vera noko anna enn bokutlån på biblioteket. Men me prøvde! Ein gong (og dette er fritt etter hukommelsen) skulle det komma ein og presentera ei bok om ein norskamerikanar frå Morgedal (?) Knut O. Lundeberg hadde skrive ei bok om oppveksten sin. Glimt fra mit liv : en utvandrers minnebok Me grubla på korleis me skulle trekkja folk til arrangementet. Kunne me servera noko som dei år på den tida? Kva med rjomegraut og  spekemat og flatbraud? Me rigga til eit fint lite bord med kniplingsduk og gamaldagse serveringsfat, heilt innerst i lokalet .
Men den gongen kom det så utruleg med folk at både grauten og kniplingane kom i vegen. Bort med det, så folk fekk plass! Stolar fekk me heldigvis låna på kommunehuset.Jo, alt  lokalt stoff var populært. Det viste seg også då me litt seinare arrangerte slektsgranskingsseminar med hjelp til oppslag i bygdebøkene og bruk av slektsgranskingsprogram på data.

    Så kom flyktningane, og den store puljen som kom til hotellet i Kviteseid var vane med gode bibliotek frå heimlandet. Eg hadde lova at alle skulle få hjelp, og det me ikkje hadde sjølv eller fann ut av, det kunne me be om hjelp til frå fylkesbiblioteket. Men då ein heil pulje innfann seg første dagen etter ankomst, og ein av dei som viste seg å vera lege og spesialist i augesjukdommar, ba om tidsskrift og bøker på engelsk innan dette emnet, då strevde eg, og barmhjertig nok har eg gløymt korleis det enda. Men eg trur nok at trua på biblioteket som allvitande og allkunnig blei noko redusert på begge sider av skranken.

    Det som likevel stod urokkeleg fast i alle år, som var og er ein av grunnverdiane til biblioteket, var at her var alle velkomne, og her kunne dei kjenna seg trygge. Uavhengig av alder og kjønn, hudfarge og rase, religion og livssyn, evner og interesser eller utdanning.
Så skjer det utenkjelege og uhyggelege at dette ikkje lenger er sant. Noko har skjedd som  som gjer at ein ikkje lenger kjenner seg trygg. Mange vil ha problem med å gå inn gjennom desse dørane same kor godt tilbod biblioteket har. Antakeleg hjelper det lite å gje veggene ny farge eller å hengja opp nye gardiner. Eg forstår det, og eg sørgjer!
    Eg trur ein ny Kviteseidgenerasjon får eit godt bibliotek i eit heilt anna bygg. Men "mitt" er borte for godt.
Dei første åra etter at eg hadde slutta i jobben hende det at eg kom innom. Seinare har det blitt sjeldnare, men når eg har kjørt forbi har eg sett opp på det vakre bygget med kjærleik. Heretter blir kjærleiken sterkt blanda med sorg og vemod. 

torsdag 28. desember 2023

Feiring i prestegården 28.des. 1989

 

Kjære alle menn!

På vegne av mitt kjønn skal eg no få lov til å komma med ei erklæring om at me, i alle fall dei fleste av oss, er kommen fram til den sanninga at det eigentleg er dykk, mennene, det har vore synd på heile tida, ikkje oss. Difor vil mykje av det eg har tenkt å sei i dag gå ut på å uttrykkja mi medkjensle.
 Eg ante lite om denne sanninga då eg for akkurat 16 år sidan i dag, med stor skepsis og kampvilje, tredde inn i den hellige ektestand, svært bevisst på at mi oppgåve i livet var å passa på at eg ikkje blei trakka på. Men seksten år i same hus som ein og etter kvart fleirfoldige større og mindre menn har lært
meg at det må vera ein tragedie å vera fødd hankjønn. Ikkje minst forstod eg ein heil del då eg fekk høyra den, forhåpentlegvis overdrevne, historia om den tragedien som syntest å ha ramma huset Aasland den gongen Knut blei fødd, og det blei kjent at det berre var enno ein gut. Ryktet seier at kondolansehelsingane strøymde inn frå fjern og nær då den triste nyheten blei kjent. Ikkje hjelpte det stort då ein av hans utallige brør meinte det måtte vera ei enkel sak å avhjelpa dette med å setja ei sløyfe i håret til den nykomne. Nei, forklarte svigermor til ei den gongen uvitande svigerdotter, det tragiske bestod i at ho ikkje fekk hjelp i huset. Det tragiske i ein slik skjebne hadde ho klart for seg heile livet, slik at då Knut stolt kom og forkynte at han hadde fått den tredje sonen, og at det var akkurat det han ynskte seg, fekk han ikkje mykje støtte. Du snakkar som du har vit til, og det er ikkje mykje, sa ho. Så fekk han vita det.
I parantes kan bemerkast at alle våre søner skulle eigentleg heita Hilde etter farmor. Då Knut prøvde å bøta på manglande døtre med å kalla båten vår for Hilde, til trøyst, viste det seg at den samme Hilde har gitt oss fleire sorger og bekymringar enn alle sønene til saman. 
Men tilbake til tragedien med å vera hankjønn fødd. Kor mange av oss har ikkje prøvd å trøysta og forklara det totalt urettferdige for ein gut på to år om kvifor han ikkje får pynta seg med kjole og skjørt, samt perlebånd, og sløyfe i håret? Fins det rettferdighet i slikt? Kanskje får han ha ei kvit skjorte, men kva er det mot jentene sine blusar med rysjer og blonder? Det skal sterk rygg til å tåla slikt. Mor er det store dei første åra, seinare blir det frøken på skulen, og så blir det å hamra inn i han igjen at aldri skal han bli mor og aldri skal han bli frøken.
Ein liten gut blei observert hylande då jenta han leika med ville pådytta han farsrolla. «Eg vil ikkje vera far! Far er aldri heime!»

Ja, kva skal vi eigentleg med mennene? Eigentleg kunne vel livet gå greitt vidare utan dei.  Som ei jente skreiv i ein skulestil: Det blir sagt at det skal to til for å få barn: Ei kvinne og ei jordmor.
Ser man det. Og med dei mengdene av råmateriale til nye generasjonar som det går an å frysa ned no for tida, kunne me vel greitt klara oss utan menn i ein generasjon. Eller ville me ikkje det? Det ville jo vera ulagleg å ikkje ha nokon å klaga til eller på.
Ja, når sant skal seiast så er det vel det me har brukt dei siste 20 åra på; klaga oss fordi me trudde det var det me måtte, synast synd på oss sjølve fordi me ikkje var menn. Me blei vaksne med den overbevisning at det var synd på oss fordi me ikkje var menn, fordi alle sa at det var så mykje betre. Og me fekk berre fokusert på det som var bra med å vera mann. Ikkje ein augneblink var det nokon som fortalde oss om alle ulempene ved mannsrolla. F.eks. det at ein mann må skaffa seg ein skikkeleg jobb som han kan forsørja seg og familien sin i eit heilt liv. Blir han trøytt og lei så er det slett ikkje akseptabelt at han no vil vera heime eit år, ta seg ein halv jobb, eller han kan velja å starta på nye studier mens kona strevar med huslån og billån og overtidsarbeid. Mannen har så liten mulighet til å vera vinglete. Han må stå på heile tida.

Det har kanskje alltid vore slik at kvinna hadde mykje større valfridom. Kvinnene har hatt betre tid og mulighet til å sjå at mennene fekk betre løn, høgare staus, meir makt og alt det andre som eigentleg ikkje er av nokon særleg betydning. Dette ville vi også ha, og så ville vi ha mennene til å ta alle møkkajobbane som bleieskift og golvvask og klesvask. Me har late dei forstå at dette var fillejobbar som me helst vil sleppa, fordi me vil realisera oss sjølve. Aldri har nokon fortalt mennene om alle gledene som til alle tider har lege i omsorgsarbeidet, i det å heile tida leva nær dei ein strevar for. Når vi så har teke all status frå omsorgsarbeidet så kan vi gi oss til å klaga over at ingen tek seg av kvarandre lenger eller bryr seg om kvarandre. Me trudde mennene hadde eit liv som var å trakta etter for einkvar pris, og så hadde me gløymt å fortelja dykk at det fans verdiar og gleder som me gjerne ville gi dykk del i. Likevel har me ikkje heilt kvitta oss med det gamle mannsidealet, så no skal de helst vera som ein mann var før, men også slik ein moderne mann skal vera. 
Det må vera vanskeleg å vera mann. Krisesenteret for menn  opererer med denne definisjonen av mannsrolla i Norge i dag (1989): 
Mannen skal vera:

  • Hovedforsørjar
  • Venn og kamerat
  • Sterk og uthaldande
  • Karrierebevisst
  • Heimenverande
  • Omsorgs- og forståelsesfull
  • Agressiv og pågåande
Og alt dette skal han naturlegvis vera samtidig. Vi kvinner veit at dette er uråd å klara, og vi syns synd på dykk. Men det er ikkje så mange menn som har forsått at dette klarer dei ikkje. Menn skal klara det dei vil klara, og klarer di det ikkje så ser dei seg ingen anna utveg enn å få seg eit hjarteinfarkt, eit magesår eller eit skikkeleg samanbrot, så dei får ein pause før dei går på for fullt. igjen Kvinner har vore meir vant til å sjå si begrensning og så be om hjelp.

I jobben ser eg dette mønsteret tydeleg. Kvinnene låner bøker om kvinneroller og mannsroller, om dobbeltarbeid , om problemer i ekteskap og med barneoppdragelse, mens menn låner om jakt og fiske og om historie og vitskap. 
Ein gong kunne eg ikkje dy meg. Ei kone kom og skulle låna ein roman til mannen sin, utan noko nærare beskjed. Eg sende med henne ein roman som heitte "Menn gråter ikke" Fleire kvinner hadde lånt denne, men ingen menn. Kva skjedde? Mannen blei rasande. Men seinare tilstod han at boka absolutt hadde noko for seg.  Nokre få modige menn fins det også innom biblioteket. Dei vil ha bøker som kan hjelpa dei å leva, eller som kan gjera dei forsonlege med at det fins noko bak døden. Dette er forsiktige og lågrøysta menn, men i mine augo er dei svært modige. Dei innser at det er ting dei ikkje rår med, sjølv om dei er menn. 
Som sagt, me som er kvinner har forstått og innsett at det er me som er dei heldige, og at det er tungt å vera mann og leva opp til alle krav i dag. Her og no er me villige til dela vår visdom med dykk, og rekkja dykk hendene og kjempa saman i det tiåret som no ligg føre oss. Ikkje kjempa mot kvarandre, men stå saman i kampen for å redda heimen, miljøet og verda. SAMHALD GJEV STYRKE måtte me sei i kor kva gong me møtte opp til samling i barnelosjen i min oppvekst. Den gongen gjaldt det noko anna, men det er like sant framleis. La oss derfor ikkje skåla, men gi mennene ein skikkeleg klem som teikn på at heretter er de ikkje lenger våre motstandarar, men medspelarar.

fredag 16. april 2021

Koronaåret

Korona-
langbord for fire    

 Eit heilt koronaår har me lagt bak oss, og plutseleg er det påske igjen. Eg hadde ikkje trudd det var mulig at me skulle leva med denne pandemien i eit heilt år (minst). At me dagleg skulle følgja med i avisene for å finna ut kor mange gjester me kunne ha denne månaden. I april var det mest snakk om to, så til ein liten førpåskevisitt dekka me eit skikkeleg langbord så me kunne få plassert Ellen og Odd nederst (eller øverst?)ved bordet. Påskebrød fekk dei. Ser de ikkje brytebrødet med dei tolv disiplane rundt bordet? Eg har vaska den lange, fine Madagaskarduken med gule broderier, men har det noko for seg å stryka han? Kanskje det går eit år til før me kan ha fullt rundt bordet. Det er ikkje så mykje sosialt liv her at det gjer noko. 



Heldigvis fekk me komma i Johannes sin 8-årsdag som blei feira ute på Vaulen. 14 var me, og alle bord rundt i parken var fylte opp med bursdagsselskap denne dagen. Ingen kunne ha selskap inne. 
I påskeveka hadde me skattejakt i vår svært så lokale skog, og 1.påskedag var det digitalt familiepåskeselskap.
I dag fyller Leif Gustav 70 år, og han skal ha akkurat to gjester. Me har fått vår første vaksinesprøyte, og då trudde me at det verste var over, men det er visst ikkje så sikkert. I fjor på desse tider fekk me høyra om skummelt og farleg virus. No er det i ekspressfart laga vaksiner, men så poppar det opp stadig nye variantar som ikkje vaksinen bit så godt på. Derimot er det vaksinen som kan vera farleg. Konfirmasjon i Førde og Mandal måtte forskyvast, så no håper me det blir til hausten. Og at det blir noko av våre vandringar i Hoem sine fotspor i juni. Då er i alle fall me og dei på vår alder fullvaksinerte. Eller må me kanskje ta ei tredje vaksine? 
Det som har blitt noko av er turar i byen og på landet. Ved sjøen og ved vatnet. Mange turar. Stavanger er ein god gåtur-by. Med Lufta vedet som guidebok har me vandra gjennom det eine området etter det andre. Mange fine, oppmerka stiar.


Me har bestilt bord til 12 for å feira Knut sin 75-årsdag, men blir det lov?

mandag 12. april 2021

Gyngestolen

 

GYNGESTOLEN

Gyngestolen me arva var ikkje som gyngestolar flest. Me hadde fått han ifrå bestemor, eller rettare frå svigermor. Ho hadde sett sitt spesielle preg på stolen, slik ho ofte gjorde med mange ting. Veit ikkje kor ho hadde han ifrå. Men ho hadde altså ein gyngestol, og den stod på kjøkkenet, for det var der ho var. Kjøkkenet var stort, men likevel snubla ho ofte i meiane for dei stod så ut, og ho var ofte i farta. Ho gav sonen sin beskjed om (ho spurde ikkje!) å hogga av meiane framme, så dei tok mindre plass. Deretter måtte meiane pussast og lakkast. Og slik blei det!
Sjølv om kjøkkenet var stort så ville ho ha kjøleskapet i gangen, for det var sunt å gå såpass! Vegen ned til hovudvegen der postkassen stod, var lang og bratt, men ho sette seg sterkt imot å få postkasse opp på husveggen. Då kom ho ikkje til å komma seg av flekken! Så ho gjekk.
I den smale gyngestolen med avkappa meiar var det ho i små stunder sette seg nedpå. Her las ho avisene, og dei las ho grundig. Var det noko av spesiell interesse så kunne ho klippa ut og samla utklippa i ein liten stabel ved sida av den store avisstabelen. Ho hadde to stover, men kvifor skulle ho varma opp der når ho var åleine? Nei, kjøkkenet var godt nok, og her dekka ho på respatexbordet når me kom på besøk. Og mens me åt så blei me spurde om vår meining om alt ho hadde lese i avisene sidan sist. Ei stressa småbarnsmor var ikkje alltid klar til å gjera greie for utenrikspolitikk, eller syn på Israel. Ungane som var vant med å vera i fokus ved måltida, dei blei stille mens bestemor tok for seg det eine emnet etter det andre. Men i ein liten pause kom det frå han som sjeldan sa så mykje: «Voffor snakker du heile tida, bestemor?» Ho tok det fint: «Det er fordi eg nesten alltid er åleine, og då må eg snakka om alt eg har tenkt på sidan sist.» Jo, han forstod det.

Bestemor blei aldri sitjande sløv med fjernkontrollen og teppe over knea. Trur ikkje ho gynga stort heller.
Gyngestolen arva me, og no er han gått vidare til neste generasjon. Men kjenner dei soga hans, skal tru?

Eg tenkte berre det var fint at stolen fekk eit vidare liv, men no viser det seg at han også hadde eit liv før våre besøk i bestemorskjøkenet. Omtrent tjue år tidlegare kom ein av dei sønene som høyrde til der, heim til mor si på perm frå militæret. I sekken sin hadde han søknadspapir frå Statens Håndverks- og Kunstindustriskole, og dei måtte fyllast ut her og no. Så sat han der ved kjøkenbordet og tok fat på første oppgåve, som var å teikna ein stol. Gyngestolen stod modell, og produktet var godt nok til at han kom inn!

Fjellet

 

I mange år var «fjellet» noko ein måtte komma seg over, for å flytta seg frå aust til vest og attende. Stort sett gjekk det bra, men det hende uveret gjorde turen strevsam. Spesielt i åra med småbarn.

Ein overfart står spesielt tydeleg i minnet:
Det var haustferie og me hadde reist vestover i flott ver. Sol og fine, tørre vegar. Men vegen attende blei tøffare. Den første snøen overrumpla oss. Vegen var såpeglatt, og ettersom me nettopp hadde skifta bil så hadde me ikkje kjettingar. Det var ikkje råd å få tak i nye undervegs, ettersom altfor mange hadde spurt før oss. Me stod fast, rygga og prøvde på nytt. Bilar stod på kryss og tvers. På eit eller anna vis kom me oss til slutt opp alle bakkane frå Røldal til Haukeli. Far bak rattet var stressa og sliten, og gutane i baksetet var redde og leie, men dei forstod at det beste var å halda munn. Endeleg nærma me oss den siste lange tunnelen.  
Der, rett utanfor, hadde ein turistbuss kjørt av vegen, og låg i ein skråning. Redningsbil var på staden, og då me spurde, sa dei at bussen snart var på vegen igjen. Dei hadde sendt dei tyske passasjerane inn i tunnelen. Tenkt det var varmare for dei å venta der enn ute. Me kunne sei bussen kom snart.
Me kjørte og kjørte, og då me var på veg ut av tunnelen, såg me ein liten forhutla flokk som stod der og stirra ut i eit snøkav. Alt var kvitt. Og dei fraus! Tynne strikkejakkar, håndvesker og høghelte sko. Dei hadde gått i denne tunnelen i fire timar! Me spurde om me kunne hjelpe.
- Ja, veit de vegen til nærmaste restaurant?
Det var så komisk spørsmål at det tok si tid før me fekk svart. Sanninga var at det første ein kom til var ei stor fjellstove med heilårsopen restaurant! Me hjelpte dei å få ringt til fjellstova som så lova å  straks senda ein minibuss for å henta dei.
Men me måtte vidare, om det var aldri så mykje snøkav.
- Stakkars folk! sa eg då me var i gang igjen.
- Nei, det var akkurat til pass, sa minstemann på sju.
Eg blei paff:
- Korleis kan du sei noko så forferdeleg? Til pass for dei stakkars tyskarane?
-Jo, mamma. Den gongen det var krig kom dei og tok landet vårt, og no har fjellet vårt tatt dei. Det var akkurat til pass!
Både eg og faren prøvde å forklara at det nok ikkje var dei same tyskarane, men etter kvart blei me heilt stille. Korleis kunne han ha komme på noko slikt? Me kunne ikkje hugsa at me nokon gong hadde snakka om krigen heime hos oss, og ikkje om tyskarar heller. Og på skulen hadde han vel ikkje lært det. I første klasse?
Eg har ikkje fått svar på det, og eg veit ikkje om han no, meir enn 30 år seinare, framleis syns det var til pass.

torsdag 16. april 2020

Påske 2020


Påske!  Merkeleg på alle måtar! Dagane har gått over i kvarandre -  ferie og fritid; kvardag og heilagdag.
Gudstenestene som ofte er høgdepunkt i påska, dei har vi fått med oss på nett og på TV. Det er bra, og mest utruleg kor fort meninghetane har fått snudd seg rundt og fått til digitale sendingar. Iflg. Vårt Land i dag så har dei endeleg nådd den delen av menigheten som ikkje set sin fot i kyrkja. Men me sakna den fysiske meningheten og å kunna delta i salmesong og nattverd. Kake blei baka. Me skulle jo ha heile storfamilien her - på Skype!
Koseleg med familiesamling og Kahoot på Skype. Men kake gjekk det ikkje noko av der og då. Meir (altfor mykje) på oss som blei igjen!











Turgåing har vore ein del av påska tidlegare, og også denne helga har me vore på tur; dei vanlege turane til Vannassen og til Gandsfjorden, men også litt lengre turar kombinert med bil. Som t.d. til Hundvåg eller kysten mellom Egersund og Sandnes.
Med kaffi på termos og Antibak på flaske, og med Stavanger for våre føter, både  i Sørmarka 
og på Ullanhaugtårnet.







Me traff ingen me kjende. Snakka ikkje med nokon, men fekk små helsingar på påsketreet ved Vannassen. Mellom anna står det: "Vi står sammen" Og kanskje er det lys i sikte, sjølv om himmelen synest aldri så mørk?








torsdag 2. april 2020

Innvær november 1918




Den siste natta. 
Dei veit det begge; mor og dotter. 
Det febervåte andletet på puta har eit klart øyeblikk : -Skal eg døy no, mor?-

-Det kan nok henda at Gud vil henta deg heim til himmelen....-
-Helst vil eg leva, men...Trur du det blir i natt?
 - Denne svette gamle nattkjolen...Eg vil vera fin når eg skal møta Gud..!.?

Ei gammal mor går sitt siste ærend for dottera. Hentar fram den nye konfirmasjonskjolen frå kista. Bruka ein gong. Skulle vera bestekjole i mange år framover. No vil fjortenåringen pyntast til fest for å møta Gud. Kjolen blir halden litt framfor varmen og tredd nedover den tynne kroppen. Det verste av sveitten blir tørka bort og ein kam greidd gjennom håret.

-Klart skal du vera fin når du skal møta Gud, jenta mi

-Du blir her, mor?-
-Javisst blir eg her-

Marjana hentar salmeboka og set seg oppi sjukesenga, slik at Elen kan sitja inni armkroken hennar. Det er betre å sitja oppreist når pusten ikkje vil meir. Så er dei klare til å ta den siste livsbiten saman. Det er høgtid over stunda, og ut i mørke natta lyder det frå ei mor som deler det ho har :

 O bli hos mig! Nu er det aftentid

og mørket stiger -  dvel o herre blid!

Når annen hjelp blir støv og duger ei

Du hjelpeløses hjelper bli hos mig! 


Ho syng vidare:

 

Når du velsigner , ei av frykt jeg vet.

Sår gjør ei ondt, gråt har ei bitterhet: 

Hvor er din brodd, du siste fiende -  Nei

ved dig jeg seirer, Herre, bli hos mig!

 

Det er over no - Med konfirmasjonskjolen på har Elen gått heim til fest i himmelen

, mens ei mor sit åleine igjen og syng det siste verset:

 

O la mig se ditt kors i dødens gys

Driv mørket bort og vær mig livets lys. 

Da skinner morgenrøden på min vei

I liv og død , o Herre, bli hos mig!

 

Om krisepsykiaterane og sorggruppa kom på døra denne natta, trur eg dei ville gått gjerandslause heim.

 

 Elen på likstrå i 1918