fredag 12. januar 2024

Biblioteket "mitt" - kva skjer?

 Eg har opplevd mange gode arbeidsdagar i dei biblioteka eg har arbeidd i, eller hatt ansvar for, men folkebiblioteket i Kviteseid opplevde eg spesielt som mitt. Så spesielt mitt at det fekk to heile sider då eg som pensjonist sette meg til for å skriva livssoga mi.

Det er mange år sidan eg gav frå meg nøklane, så det eg skriv er basert på det eg hugsar. Litt fakta og litt fiksjon, men mest minner. Minnene er ikkje alltid å lita på, men eg vil gjerne dela dei. Eg blei nok møtt med noko skepsis då eg starta i jobben. Rett nok var eg den einaste med bibliotekarutdanning som søkte, men å gå frå ein godt vaksen mann med røtene sine godt planta i kviteseidjord til ei innflytta småbarnsmor, til og med med adresse på Kvitsund, kunne det gå bra då? 
Eg fekk vel ein liten tabbekvote og så gjekk det seg til etter kvart. Politikarane hadde endeleg forstått at det mørke kjellarlokalet nede i kommunehuset ikkje lenger var stort nok, eller godt nok, til å husa folkeboksamlinga (som det heitte den gongen), og eg blei lukkeleg då eg forstod at dei hadde tenkt å takka ja til å overta «gamlebanken».
    Eigentleg syns nok dei som bestemte at Turid og eg (biblioteket) kunne nøya oss med ein del av bygget, for det var mange andre også som gjerne ville inn i «gamlebanken». Men heldigvis enda med at vi berre måtte dela med Turid på kultur.
    Men berre den som har prøvd det sjølv veit kva det er for eit strev å flytta eit heilt bibliotek. Ein ting var det fysiske slitet. Kunnskap er slett ikkje så lett å bera som folk vil ha det til. Alt måtte flyttast manuelt ettersom avstanden var for liten til at det var nokon vits i å bruka bil.
  Handkjerrer og trillebårer og bæreposar. Det gjaldt berre å ha handamakt nok, og den fekk me av hornmusikken og idrettslaget mot ei lita godtgjersle. Det gjekk, men først måtte det lagast ein svært nøye plan for kor ting skulle plasserast, deretter måtte det til ein svært nøye merking av alle kolli og nøye beskjedar måtte bli gitt om kva merkinga skulle bety.  Så var det å få ting til å fungera slik det var tenkt! Det gjorde det, og me kunne gå opp og ned og att og fram i dette vakre bygget og gjera vår jobb så godt me kunne. Kviteseidfolk som kom innom syns me måtte vera takknemlege som fekk jobba her, sjølv om ein del steila når dei kom inn og såg endringane. Før hadde dei kanskje i årevis stått med ei kjensle av at ein måtte ha luva i handa før ein gjekk inn i dei ærverdige banklokala som var kledde med mørk eikepanel over alt. Eg  ba om å få veggene mala lyseblå, og å  få fjerna veggene inn til det store kontoret til banksjefen. Hugsar eg ikkje feil så blei det vesle kontoret mitt i andre høgda måla rosa, slik eg ville ha det. Men safen og kjellaren blei det ikkje orden på mens eg var der. Vi fekk  installert trappeheis slik at alle lokala skulle vera tilgjengelege for rørslehemma. Det måtte gjerast for å få statsstøtte, sjølv om interessa for å bruka heisen var minimal. Me syns alt blei fint, også når «dei gamle» forlanga at me måtte flytta det gamle formannsskapsbordet med. Den slitte gamle bordplata hadde så mykje historie i seg, og eg lærte også å bli glad i det, men kanskje ikkje i stolane som fylgde med, for dei var skikkeleg vonde. Kanskje dei måtte vera det for at ikkje formannskapsmøta skulle vara så lenge? Står bordet der framleis, skal tru?
    Dei gamle lånarane kom. Dei kjende jo huset og ein del av bøkene. Kvinnene kom også etter kvart, for dei las mest og syns kanskje det var greitt med kvinner bak skranken også. Det blei betre plass og meir bøker (lenge berre bøker!) no som det var eit nytt hus. Og så var det blitt barnebøker også, og det drog mange lånarar. Me prøvde å yta god service og ikkje leggja oss opp i kva den einskilde ville ha å lesa. Men me hadde nok problem med å halda maska då ordføraren som var nokså ny og på min alder, kom inn og ville ha ei bok med grove ord i. Om me kunne hjelpa han med det? Det kom heldigvis fram at det han var på jakt etter var noko med stor skrift! Han var så sliten av alle dei småstilte kommunale sakdokumenta. Dei som seinare skulle bli ordførarar var kanskje også innom. Dagens ordførar streva nok meir med vrange mattestykke på Kvitsund, mens han overlet politkken til mor si. Han som nettopp takka av har kanskje høyrt av både farfar og farmor korleis det var på biblioteket i skikkeleg gamle dagar. Ingenting skulle bli som før. Heller ikkje Haukom der både han og mine gutar fekk sin første lærdom. Men det kunne ingen av oss vita den gongen.

    Lånarar var det bra med, men det var ikkje alltid like enkelt å få til arrangement av ulikt slag. Folk var ikkje vant med at det skulle vera noko anna enn bokutlån på biblioteket. Men me prøvde! Ein gong (og dette er fritt etter hukommelsen) skulle det komma ein og presentera ei bok om ein norskamerikanar frå Morgedal (?) Knut O. Lundeberg hadde skrive ei bok om oppveksten sin. Glimt fra mit liv : en utvandrers minnebok Me grubla på korleis me skulle trekkja folk til arrangementet. Kunne me servera noko som dei år på den tida? Kva med rjomegraut og  spekemat og flatbraud? Me rigga til eit fint lite bord med kniplingsduk og gamaldagse serveringsfat, heilt innerst i lokalet .
Men den gongen kom det så utruleg med folk at både grauten og kniplingane kom i vegen. Bort med det, så folk fekk plass! Stolar fekk me heldigvis låna på kommunehuset.Jo, alt  lokalt stoff var populært. Det viste seg også då me litt seinare arrangerte slektsgranskingsseminar med hjelp til oppslag i bygdebøkene og bruk av slektsgranskingsprogram på data.

    Så kom flyktningane, og den store puljen som kom til hotellet i Kviteseid var vane med gode bibliotek frå heimlandet. Eg hadde lova at alle skulle få hjelp, og det me ikkje hadde sjølv eller fann ut av, det kunne me be om hjelp til frå fylkesbiblioteket. Men då ein heil pulje innfann seg første dagen etter ankomst, og ein av dei som viste seg å vera lege og spesialist i augesjukdommar, ba om tidsskrift og bøker på engelsk innan dette emnet, då strevde eg, og barmhjertig nok har eg gløymt korleis det enda. Men eg trur nok at trua på biblioteket som allvitande og allkunnig blei noko redusert på begge sider av skranken.

    Det som likevel stod urokkeleg fast i alle år, som var og er ein av grunnverdiane til biblioteket, var at her var alle velkomne, og her kunne dei kjenna seg trygge. Uavhengig av alder og kjønn, hudfarge og rase, religion og livssyn, evner og interesser eller utdanning.
Så skjer det utenkjelege og uhyggelege at dette ikkje lenger er sant. Noko har skjedd som  som gjer at ein ikkje lenger kjenner seg trygg. Mange vil ha problem med å gå inn gjennom desse dørane same kor godt tilbod biblioteket har. Antakeleg hjelper det lite å gje veggene ny farge eller å hengja opp nye gardiner. Eg forstår det, og eg sørgjer!
    Eg trur ein ny Kviteseidgenerasjon får eit godt bibliotek i eit heilt anna bygg. Men "mitt" er borte for godt.
Dei første åra etter at eg hadde slutta i jobben hende det at eg kom innom. Seinare har det blitt sjeldnare, men når eg har kjørt forbi har eg sett opp på det vakre bygget med kjærleik. Heretter blir kjærleiken sterkt blanda med sorg og vemod.