Eg har opplevd mange gode arbeidsdagar i dei biblioteka eg har arbeidd i, eller hatt ansvar for, men folkebiblioteket i Kviteseid opplevde eg spesielt som mitt. Så spesielt mitt at det fekk to heile sider då eg som pensjonist sette meg til for å skriva livssoga mi.
Det er mange år sidan eg gav frå meg nøklane, så det eg skriv er basert på det
eg hugsar. Litt fakta og litt fiksjon, men mest minner. Minnene er ikkje alltid
å lita på, men eg vil gjerne dela dei. Eg blei nok møtt med noko skepsis då eg
starta i jobben. Rett nok var eg den einaste med bibliotekarutdanning som
søkte, men å gå frå ein godt vaksen mann med røtene sine godt planta i
kviteseidjord til ei innflytta småbarnsmor, til og med med adresse på Kvitsund,
kunne det gå bra då?
Eg fekk vel ein liten tabbekvote og så gjekk det seg til etter kvart. Politikarane hadde endeleg forstått at det mørke kjellarlokalet nede i
kommunehuset ikkje lenger var stort nok, eller godt nok, til å husa
folkeboksamlinga (som det heitte den gongen), og eg blei lukkeleg då eg forstod
at dei hadde tenkt å takka ja til å overta «gamlebanken».
Eigentleg syns nok dei som bestemte at Turid og eg (biblioteket) kunne nøya oss med ein del av bygget,
for det var mange andre også som gjerne ville inn i «gamlebanken». Men
heldigvis enda
med at vi berre måtte dela med Turid på kultur.
Men berre den som har prøvd det sjølv veit kva det er for eit
strev å flytta eit heilt bibliotek. Ein ting var det fysiske slitet. Kunnskap
er slett ikkje så lett å bera som folk vil ha det til. Alt måtte flyttast
manuelt ettersom avstanden var for liten til at det var nokon vits i å bruka
bil. Handkjerrer og trillebårer og
bæreposar. Det gjaldt berre å ha handamakt nok, og den fekk me av
hornmusikken og idrettslaget mot ei lita godtgjersle. Det gjekk, men først måtte
det lagast ein svært nøye plan for kor ting skulle plasserast, deretter måtte
det til ein svært nøye merking av alle kolli og nøye beskjedar måtte bli gitt om
kva merkinga skulle bety. Så var det å
få ting til å fungera slik det var tenkt! Det gjorde det, og me kunne gå opp og
ned og att og fram i dette vakre bygget og gjera vår jobb så godt me kunne. Kviteseidfolk
som kom innom syns me måtte vera takknemlege som fekk jobba her, sjølv om ein
del steila når dei kom inn og såg endringane. Før hadde dei kanskje i årevis
stått med ei kjensle av at ein måtte ha luva i handa før ein gjekk inn i dei ærverdige banklokala som var
kledde med mørk eikepanel over alt. Eg ba
om å få veggene mala lyseblå, og å få
fjerna veggene inn til det store kontoret til banksjefen. Hugsar eg ikkje feil
så blei det vesle kontoret mitt i andre høgda måla rosa, slik eg ville ha det. Men
safen og kjellaren blei det ikkje orden på mens eg var der. Vi fekk installert trappeheis slik at alle lokala skulle vera tilgjengelege for
rørslehemma. Det måtte gjerast for å få statsstøtte, sjølv om interessa for å
bruka heisen var minimal. Me syns alt blei fint, også når «dei gamle» forlanga
at me måtte flytta det gamle formannsskapsbordet med. Den slitte gamle
bordplata hadde så mykje historie i seg, og eg lærte også å bli glad i det, men
kanskje ikkje i stolane som fylgde med, for dei var skikkeleg vonde. Kanskje
dei måtte vera det for at ikkje formannskapsmøta skulle vara så lenge? Står
bordet der framleis, skal tru?
Dei gamle lånarane kom. Dei kjende jo huset og
ein del av bøkene. Kvinnene kom også etter kvart, for dei las mest og syns
kanskje det var greitt med kvinner bak skranken også. Det blei betre plass og
meir bøker (lenge berre bøker!) no som det var eit nytt hus. Og så var det
blitt barnebøker også, og det drog mange lånarar. Me prøvde å yta god service
og ikkje leggja oss opp i kva den einskilde ville ha å lesa. Men
me hadde nok problem med å halda maska då ordføraren som var nokså ny og på min
alder, kom inn og ville ha ei bok med grove ord i. Om me kunne hjelpa han med
det? Det kom heldigvis fram at det han var på jakt etter var noko med stor
skrift! Han var så sliten av alle dei småstilte kommunale sakdokumenta. Dei som
seinare skulle bli ordførarar var kanskje også innom. Dagens ordførar streva
nok meir med vrange mattestykke på Kvitsund, mens han overlet politkken til mor
si. Han som nettopp takka av har kanskje høyrt av både farfar og farmor korleis det var på biblioteket i skikkeleg gamle dagar. Ingenting skulle bli som før. Heller ikkje Haukom der både han og mine gutar fekk sin første lærdom. Men det kunne ingen av oss vita den gongen.
Lånarar var det bra med, men det var ikkje alltid like enkelt å få til
arrangement av ulikt slag. Folk var ikkje vant med at det skulle vera noko anna
enn bokutlån på biblioteket. Men me prøvde! Ein gong (og dette er fritt etter
hukommelsen) skulle det komma ein og presentera ei bok om ein norskamerikanar frå
Morgedal (?) Knut O. Lundeberg hadde
skrive ei bok om oppveksten sin. Glimt
fra mit liv : en utvandrers minnebok Me grubla på korleis me skulle trekkja folk til arrangementet. Kunne me
servera noko som dei år på den tida? Kva med rjomegraut og spekemat og flatbraud? Me rigga til eit fint lite bord med kniplingsduk og gamaldagse
serveringsfat, heilt innerst i lokalet .Men
den gongen kom det så utruleg med folk at både grauten og kniplingane kom i
vegen. Bort med det, så folk fekk plass! Stolar fekk me heldigvis låna på
kommunehuset.Jo, alt lokalt stoff var populært. Det
viste seg også då me litt seinare arrangerte slektsgranskingsseminar med hjelp
til oppslag i bygdebøkene og bruk av slektsgranskingsprogram på data.
Så kom flyktningane, og den store puljen som kom til hotellet i Kviteseid var vane med gode bibliotek frå heimlandet. Eg hadde lova at alle skulle få hjelp, og det me ikkje hadde sjølv eller fann ut av, det kunne me be om hjelp til frå fylkesbiblioteket. Men då ein heil pulje innfann seg første dagen etter ankomst, og ein av dei som viste seg å vera lege og spesialist i augesjukdommar, ba om tidsskrift og bøker på engelsk innan dette emnet, då strevde eg, og barmhjertig nok har eg gløymt korleis det enda. Men eg trur nok at trua på biblioteket som allvitande og allkunnig blei noko redusert på begge sider av skranken.
Det som likevel stod urokkeleg fast i alle år, som var og er ein av
grunnverdiane til biblioteket, var at her var alle velkomne, og her kunne dei
kjenna seg trygge. Uavhengig av alder og kjønn, hudfarge og rase, religion og
livssyn, evner og interesser eller utdanning.
Så skjer det utenkjelege og uhyggelege at dette ikkje lenger er sant. Noko har
skjedd som som gjer at ein ikkje lenger
kjenner seg trygg. Mange vil ha problem med å gå inn gjennom desse dørane same
kor godt tilbod biblioteket har. Antakeleg hjelper det lite å gje veggene ny
farge eller å hengja opp nye gardiner. Eg forstår det, og eg sørgjer!
Eg trur ein ny Kviteseidgenerasjon får eit godt bibliotek i eit heilt anna bygg. Men "mitt" er borte for godt.
Dei første åra etter at eg hadde slutta i jobben hende det at eg kom innom. Seinare
har det blitt sjeldnare, men når eg har kjørt forbi har eg sett opp på det
vakre bygget med kjærleik. Heretter blir kjærleiken sterkt blanda med sorg og vemod.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar