torsdag 2. april 2020

Innvær november 1918




Den siste natta. 
Dei veit det begge; mor og dotter. 
Det febervåte andletet på puta har eit klart øyeblikk : -Skal eg døy no, mor?-

-Det kan nok henda at Gud vil henta deg heim til himmelen....-
-Helst vil eg leva, men...Trur du det blir i natt?
 - Denne svette gamle nattkjolen...Eg vil vera fin når eg skal møta Gud..!.?

Ei gammal mor går sitt siste ærend for dottera. Hentar fram den nye konfirmasjonskjolen frå kista. Bruka ein gong. Skulle vera bestekjole i mange år framover. No vil fjortenåringen pyntast til fest for å møta Gud. Kjolen blir halden litt framfor varmen og tredd nedover den tynne kroppen. Det verste av sveitten blir tørka bort og ein kam greidd gjennom håret.

-Klart skal du vera fin når du skal møta Gud, jenta mi

-Du blir her, mor?-
-Javisst blir eg her-

Marjana hentar salmeboka og set seg oppi sjukesenga, slik at Elen kan sitja inni armkroken hennar. Det er betre å sitja oppreist når pusten ikkje vil meir. Så er dei klare til å ta den siste livsbiten saman. Det er høgtid over stunda, og ut i mørke natta lyder det frå ei mor som deler det ho har :

 O bli hos mig! Nu er det aftentid

og mørket stiger -  dvel o herre blid!

Når annen hjelp blir støv og duger ei

Du hjelpeløses hjelper bli hos mig! 


Ho syng vidare:

 

Når du velsigner , ei av frykt jeg vet.

Sår gjør ei ondt, gråt har ei bitterhet: 

Hvor er din brodd, du siste fiende -  Nei

ved dig jeg seirer, Herre, bli hos mig!

 

Det er over no - Med konfirmasjonskjolen på har Elen gått heim til fest i himmelen

, mens ei mor sit åleine igjen og syng det siste verset:

 

O la mig se ditt kors i dødens gys

Driv mørket bort og vær mig livets lys. 

Da skinner morgenrøden på min vei

I liv og død , o Herre, bli hos mig!

 

Om krisepsykiaterane og sorggruppa kom på døra denne natta, trur eg dei ville gått gjerandslause heim.

 

 Elen på likstrå i 1918        

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar