mandag 12. april 2021

Gyngestolen

 

GYNGESTOLEN

Gyngestolen me arva var ikkje som gyngestolar flest. Me hadde fått han ifrå bestemor, eller rettare frå svigermor. Ho hadde sett sitt spesielle preg på stolen, slik ho ofte gjorde med mange ting. Veit ikkje kor ho hadde han ifrå. Men ho hadde altså ein gyngestol, og den stod på kjøkkenet, for det var der ho var. Kjøkkenet var stort, men likevel snubla ho ofte i meiane for dei stod så ut, og ho var ofte i farta. Ho gav sonen sin beskjed om (ho spurde ikkje!) å hogga av meiane framme, så dei tok mindre plass. Deretter måtte meiane pussast og lakkast. Og slik blei det!
Sjølv om kjøkkenet var stort så ville ho ha kjøleskapet i gangen, for det var sunt å gå såpass! Vegen ned til hovudvegen der postkassen stod, var lang og bratt, men ho sette seg sterkt imot å få postkasse opp på husveggen. Då kom ho ikkje til å komma seg av flekken! Så ho gjekk.
I den smale gyngestolen med avkappa meiar var det ho i små stunder sette seg nedpå. Her las ho avisene, og dei las ho grundig. Var det noko av spesiell interesse så kunne ho klippa ut og samla utklippa i ein liten stabel ved sida av den store avisstabelen. Ho hadde to stover, men kvifor skulle ho varma opp der når ho var åleine? Nei, kjøkkenet var godt nok, og her dekka ho på respatexbordet når me kom på besøk. Og mens me åt så blei me spurde om vår meining om alt ho hadde lese i avisene sidan sist. Ei stressa småbarnsmor var ikkje alltid klar til å gjera greie for utenrikspolitikk, eller syn på Israel. Ungane som var vant med å vera i fokus ved måltida, dei blei stille mens bestemor tok for seg det eine emnet etter det andre. Men i ein liten pause kom det frå han som sjeldan sa så mykje: «Voffor snakker du heile tida, bestemor?» Ho tok det fint: «Det er fordi eg nesten alltid er åleine, og då må eg snakka om alt eg har tenkt på sidan sist.» Jo, han forstod det.

Bestemor blei aldri sitjande sløv med fjernkontrollen og teppe over knea. Trur ikkje ho gynga stort heller.
Gyngestolen arva me, og no er han gått vidare til neste generasjon. Men kjenner dei soga hans, skal tru?

Eg tenkte berre det var fint at stolen fekk eit vidare liv, men no viser det seg at han også hadde eit liv før våre besøk i bestemorskjøkenet. Omtrent tjue år tidlegare kom ein av dei sønene som høyrde til der, heim til mor si på perm frå militæret. I sekken sin hadde han søknadspapir frå Statens Håndverks- og Kunstindustriskole, og dei måtte fyllast ut her og no. Så sat han der ved kjøkenbordet og tok fat på første oppgåve, som var å teikna ein stol. Gyngestolen stod modell, og produktet var godt nok til at han kom inn!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar