mandag 12. april 2021

Fjellet

 

I mange år var «fjellet» noko ein måtte komma seg over, for å flytta seg frå aust til vest og attende. Stort sett gjekk det bra, men det hende uveret gjorde turen strevsam. Spesielt i åra med småbarn.

Ein overfart står spesielt tydeleg i minnet:
Det var haustferie og me hadde reist vestover i flott ver. Sol og fine, tørre vegar. Men vegen attende blei tøffare. Den første snøen overrumpla oss. Vegen var såpeglatt, og ettersom me nettopp hadde skifta bil så hadde me ikkje kjettingar. Det var ikkje råd å få tak i nye undervegs, ettersom altfor mange hadde spurt før oss. Me stod fast, rygga og prøvde på nytt. Bilar stod på kryss og tvers. På eit eller anna vis kom me oss til slutt opp alle bakkane frå Røldal til Haukeli. Far bak rattet var stressa og sliten, og gutane i baksetet var redde og leie, men dei forstod at det beste var å halda munn. Endeleg nærma me oss den siste lange tunnelen.  
Der, rett utanfor, hadde ein turistbuss kjørt av vegen, og låg i ein skråning. Redningsbil var på staden, og då me spurde, sa dei at bussen snart var på vegen igjen. Dei hadde sendt dei tyske passasjerane inn i tunnelen. Tenkt det var varmare for dei å venta der enn ute. Me kunne sei bussen kom snart.
Me kjørte og kjørte, og då me var på veg ut av tunnelen, såg me ein liten forhutla flokk som stod der og stirra ut i eit snøkav. Alt var kvitt. Og dei fraus! Tynne strikkejakkar, håndvesker og høghelte sko. Dei hadde gått i denne tunnelen i fire timar! Me spurde om me kunne hjelpe.
- Ja, veit de vegen til nærmaste restaurant?
Det var så komisk spørsmål at det tok si tid før me fekk svart. Sanninga var at det første ein kom til var ei stor fjellstove med heilårsopen restaurant! Me hjelpte dei å få ringt til fjellstova som så lova å  straks senda ein minibuss for å henta dei.
Men me måtte vidare, om det var aldri så mykje snøkav.
- Stakkars folk! sa eg då me var i gang igjen.
- Nei, det var akkurat til pass, sa minstemann på sju.
Eg blei paff:
- Korleis kan du sei noko så forferdeleg? Til pass for dei stakkars tyskarane?
-Jo, mamma. Den gongen det var krig kom dei og tok landet vårt, og no har fjellet vårt tatt dei. Det var akkurat til pass!
Både eg og faren prøvde å forklara at det nok ikkje var dei same tyskarane, men etter kvart blei me heilt stille. Korleis kunne han ha komme på noko slikt? Me kunne ikkje hugsa at me nokon gong hadde snakka om krigen heime hos oss, og ikkje om tyskarar heller. Og på skulen hadde han vel ikkje lært det. I første klasse?
Eg har ikkje fått svar på det, og eg veit ikkje om han no, meir enn 30 år seinare, framleis syns det var til pass.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar