fredag 16. april 2021

Koronaåret

Korona-
langbord for fire    

 Eit heilt koronaår har me lagt bak oss, og plutseleg er det påske igjen. Eg hadde ikkje trudd det var mulig at me skulle leva med denne pandemien i eit heilt år (minst). At me dagleg skulle følgja med i avisene for å finna ut kor mange gjester me kunne ha denne månaden. I april var det mest snakk om to, så til ein liten førpåskevisitt dekka me eit skikkeleg langbord så me kunne få plassert Ellen og Odd nederst (eller øverst?)ved bordet. Påskebrød fekk dei. Ser de ikkje brytebrødet med dei tolv disiplane rundt bordet? Eg har vaska den lange, fine Madagaskarduken med gule broderier, men har det noko for seg å stryka han? Kanskje det går eit år til før me kan ha fullt rundt bordet. Det er ikkje så mykje sosialt liv her at det gjer noko. 



Heldigvis fekk me komma i Johannes sin 8-årsdag som blei feira ute på Vaulen. 14 var me, og alle bord rundt i parken var fylte opp med bursdagsselskap denne dagen. Ingen kunne ha selskap inne. 
I påskeveka hadde me skattejakt i vår svært så lokale skog, og 1.påskedag var det digitalt familiepåskeselskap.
I dag fyller Leif Gustav 70 år, og han skal ha akkurat to gjester. Me har fått vår første vaksinesprøyte, og då trudde me at det verste var over, men det er visst ikkje så sikkert. I fjor på desse tider fekk me høyra om skummelt og farleg virus. No er det i ekspressfart laga vaksiner, men så poppar det opp stadig nye variantar som ikkje vaksinen bit så godt på. Derimot er det vaksinen som kan vera farleg. Konfirmasjon i Førde og Mandal måtte forskyvast, så no håper me det blir til hausten. Og at det blir noko av våre vandringar i Hoem sine fotspor i juni. Då er i alle fall me og dei på vår alder fullvaksinerte. Eller må me kanskje ta ei tredje vaksine? 
Det som har blitt noko av er turar i byen og på landet. Ved sjøen og ved vatnet. Mange turar. Stavanger er ein god gåtur-by. Med Lufta vedet som guidebok har me vandra gjennom det eine området etter det andre. Mange fine, oppmerka stiar.


Me har bestilt bord til 12 for å feira Knut sin 75-årsdag, men blir det lov?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar